Eit resultat av langvarig og nøye planlagt hatretorikk

06.01.2022

6. januar 2022 er det på dagen eitt år sidan storminga av kongressbygninga i Washington D. C. Tre dagar etter terroren kommenterte eg hendinga i ein kommentar i Aura Avis. Du finn kommentaren under bildet. Dessverre er den like aktuell i dag som for eitt år sidan.

Etter å ha gitt etter for presset, gjorde president Donald Trump til slutt retrett og tok avstand frå terroren mot kongressbygninga i Washington D. C. I løpet av eit døgn var dei famøse orda «vi elskar dykk» og «de er veldig spesielle, men gå no heim i fred», bytta ut med avskyerklæringar og påstandar om at dei som tok seg inn i kongressbygninga har skjemt ut det amerikanske demokratiet. I same tale erkjente Trump valnederlaget - to månader for seint.

Retretten forandrar ingenting. Det er som kjent for seint å snyte seg når nasen er borte. Donald Trump vil bli ståande i historia som ein antidemokratisk president, som til slutt gjekk så langt at han utløyste ein terroraksjon mot parlamentet i sitt eige land.

Hadde demonstrantar tatt seg inn i nasjonalforsamlinga i ein eller annan obskur og bortgjømt bananrepublikk, ville ikkje det ha vekt særleg oppsikt rundt om i verda. Noko anna er det når kongressbygninga på Capitol Hill blir storma. Symboleffekten er formidabel. Det som har skjedd i USA dei siste par månadene - for ikkje å seie dei fire siste åra - vedkjem oss alle.

Trump-perioden er mat for historikarar og forskarar. Men også lekfolk kan observere og trekke konklusjonar. For eigen del ser eg Capitol Hill-terroren som eit resultat av langvarig og nøye planlagt hatretorikk. Retorikken toppa seg i talen som Trump heldt tidlegare på dagen. Det var ein marsjordre som resulterte i katastrofe.

«Donald Trump vil bli ståande i historia som ein antidemokratisk president, som til slutt gjekk så langt at han utløyste ein terroraksjon mot parlamentet i sitt eige land»

Det er forska mykje på hatretorikk. Ei av dei mest siterte bøkene om emnet er «LTI: Det tredje rikets språk» av lingvisten Victor Klemperer. Her samanliknar Klemperer hatretorikk med små dosar arsenikk. Små enkeltdosar gjer tilsynelatande ingen skade. Men på eitt eller anna tidspunkt vil gifta skape effekt.

Vidare viser Klemperer til Adolf Hitler. Grobotnen for hatet mot og massemordet på jødane vart ikkje utløyst av ein enkelt plakat eller tale. Det var bestemte ord, fraser og setningstypar som vart repeterte gong på gong som vann gehør i stadig breiare lag av folket. Parallellen til Donald Trump si endelause repetering av løgner er slåande. No viser målingar at 45 prosent av dei republikanske veljarane støttar storminga av kongressen. Fleire titals millionar amerikanarar meiner at Joe Biden vann valet ved hjelp av fusk.

I det store bildet ser vi at systematisk bruk av hatretorikk utløyser politiske katastrofer. Men det kan også vere verdt å tenke over at dei same mekanismene er eigna til å skape ulykke i kvardagen og i private samanhengar. Måten vi kommuniserer med kvarandre på bestemmer i det lange løpet stemninga og samarbeidsklimaet - enten det no er i eit kommunestyre, i ei forening, i eit nabolag eller i samlivet mellom to personar.

I boka «Språk er makt» av Rolv Mikkel Blakar, som eg ein gong i tida hadde som pensum i norskstudiet, blir det peika på at språket ikkje er eit nøytralt middel til samhandling, kommunikasjon og informasjonsformidling. Språket er eit maktmiddel. Denne makta kan brukast både i storpolitikken og i det private rommet.

«Måten vi kommuniserer med kvarandre på bestemmer i det lange løpet stemninga og samarbeidsklimaet - enten det no er i eit kommunestyre, i ei forening, i eit nabolag eller i samlivet mellom to personar»

Sjølv om Donald Trump snart er ute av embetet, vil trumpismen leve vidare - ikkje berre i USA, men over heile verda. Ein er ikkje ofte innom sosiale media, før ein ser at den skandaliserte presidenten har ein stor tilhengarskare også her til lands. Dette er for ein stor del fanatikarar som held fast på at presidentvalet var rigga, og som avviser fakta som at dei som tok seg inn i kongressbygninga var valdelege. Dei var der på fredeleg besøk og tok bilde med telefonane sine. Andre kjenneteikn ved denne sekta er at dei ser på dei frie mediene som ein stor konspirasjon. Journalistar er fiendar av folket. Og sjølvsagt er klimakrisa ikkje noko anna enn ein stor bløff, oppkonstruert av krefter som er ute etter makt og pengar.

Donald Trump har vist seg å ha ei enorm manipulerande kraft. Ein USA-ekspert sa i ei TV-sending at dersom presidenten bestemte seg for at himmelen var grøn, ville millionar av amerikanarar straks tru at dette var sant.

Presidenten har også gjort lugubre grupperingar i det norske samfunnet fargeblinde. På sosiale media er desse synlege kvar dag. Dei må takast på alvor. Ekstremisme er livsfarleg.