Kvitt deg med kontantane og unngå fordyrande karamellkjøp

08.04.2021

I dag var eg inne på ein bokhandel og gjorde eit lite innkjøp. Eg har ikkje gått med kontantar på meg på fleire år, men så eg fekk den ideen at eg skulle bruke opp nokre sedlar som har lege i ein konvolutt i lange tider.

Eg gjekk til disken for å betale boka som eg fann, og bladde opp to 200-lappar. Prisen var 399 kroner. Men så enkelt var det ikkje. Den trivelege jenta som ekspederte meg hadde ikkje så mykje som fem øre i kassa. Vi «kom ikkje syinnt». I eit anfall av kreativitet donerte eg det siste kronestykket til jenta, og ba ho om å kjøpe seg ein karamell eller to (dei kostar vel meir enn fem øre no for tida) når det vart såpass med småpengar i kassa at ho kunne ta ut ei krone. Situasjonen vart med andre ord handtert på mest elegante vis.

Episoden er ei påminning om at vegen til eit kontantlaust samfunn kanskje er kortare enn vi trur. For meg er det heilt i orden. Kontantar er både tungvint og svært uhygienisk, og eg har som sagt vore kontantlaus allereie i fleire år.

Alt nytt verkar for nokon skremande. Slik er det med kontantane sin svanesong, også. Men utviklinga er ikkje til å stoppe. Eg anbefaler alle, sjølv dei som etter eige utsegn ikkje kan leve utan å ha pengar i lommeboka, om å i det minste prøve ein kontantfri periode. Det går garantert betre enn frykta!

På kjøpet får du ei baklomme som ikkje buler ut, og du slepp å donere pengar til karamellkjøp.