Kortreiste ferieminne

18.07.2021

På ein regntung søndag kan det passe med eit par sommarminne. Dei er begge frå 2015. Det øvste bildet er tatt på Hitra, der det var usedvanleg lett å kjenne seg heime. Sjølv om det, så vidt eg veit, ikkje finst hitrablod i årene mine.

Eg og Mette brukte fire dagar på å utforske Hitra og Frøya. Det var ein fantastisk fin og opplevingsrik ferietur av det kortreiste slaget, som eg meir enn gjerne anbefaler andre å teste ut.

Eit lite blogginnlegg frå turen finn du her.

Bildet under er tatt omtrent på same tida, og vi ser fruen av Tælastuå nyte lunsjen sin på Fintenkjarplassen. Fin utsikt, god mat og godt selskap - betre kan ein ikkje ha det.

(Klikk på bilda for å forstørre dei).