Krig i ei anna mediatid

05.06.2022

5. juni 1967 braut seksdagarskrigen i Midt-Austen ut. Som 11-åring hadde eg ikkje så mykje forstand på kva konflikten handla om. Men at det var alvor, forstod eg på stemninga når dei vaksne slo på nyheitssendingane i radio og TV.

For 55 år sidan kom avisene ut med sine daglege papirutgåver. Radioen sendte Dagsnytt sju gonger i løpet av dagen, og fjernsynet hadde ei nyheitssending, Dagsrevyen klokka 20. Likevel tykte nok folk at krigen kom nære innpå også i 1967.

Når vi i dag blar i dei norske avisene frå desse dramatiske dagane, er det interessant sjå korleis mange av dei var prega av konflikten i Midt-Austen. Ikkje berre riksavisene, men også region- og lokalavisene hadde store oppslag om krigen. Som vi ser, bruka Tidens Krav både 6. og 7. juni 1967 heile førstesida på krigsutbrotet. Noko slikt ville ha vore heilt utenkeleg i dag. Svært oppsiktsvekkande, ut frå dagens reglar for presseetikk, er også at A-pressen under seksdagarskrigen bruka Ap-sekretær og Israel-patriot Haakon Lie som «utsendt» medarbeidar». Men slik fungerte partipressa den gongen.

Kontrasten til dagens nyheitsstraum er enorm. I 2022 har Dagsnytt 27 sendingar gjennom døgnet. På TV serverer NRK1 og Nyhetskanalen nyheiter heile dagen. På toppen av dette kjem andre aktualitets- og debattprogram både i radio og TV. På internett kan vi lese nyheiter frå heile verda. New York Times er ikkje lengre unna enn Dagbladet, VG og lokalavisa. Vi når dei i løpet av eit par sekund. Når som helst på døgnet kan vi slå på ein PC eller mobiltelefon og bli oppdatert på siste nytt.

Framleis kjem det ut papiraviser. Som nyheitsmedium er dei heilt utkonkurrerte. Om nokre år vil dei stort sett vere borte.

NRK har dekt krigen i Ukraina med sendingar frå morgen til kveld i over hundre dagar no. Som gammal journalist kan ein ikkje bli annan enn imponert over både kvalitet og kvantitet. Statskanalen rår over utruleg mange kunnskapsrike reporterar, som på ein eineståande måte formidlar fakta og kommentarar ut til folket. På enkelt suspekte Facebook-sider, lokale inkludert, driv folk og kritiserer standarden på NRK si nyheitsformidling. Dei har ikkje peiling på kva dei snakkar om.

Tidene endrar seg. Mediabransjen har gjennomgått ikkje berre ein, men fleire, revolusjonar sidan 1967. Mange vil kanskje kjenne seg overmanna av den konstante nyheitsstraumen. Det er forståeleg. Men problemet lar seg lett løyse. Dei fleste har 20-30 TV-kanalar å velje mellom i dag. Det er mykje anna å velje i. Dessutan finst det ein av-/på-knapp.