Nasjonalismen er ikkje død - historiefaget må ikkje rørast

09.04.2021

På 81-årsdagen for okkupasjonen av Norge kan det vere greit å minne om at manns minne ikkje rekk langt bakover i tid. Alt går i gløymeboka, dersom vi ikkje gjer noko aktivt for å ta vare på historia. Derfor kjem utspelet frå kunnskapsminsteren om å nedprioritere historiefaget i den vidaregåande skulen i eit ekstra spesielt lys på ein dag som denne.

Lektor og SV-politikar i Sunndal, Erling Outzen, sa det nyleg veldig klokt på Facebook-sida si: «Vi treng å vite noko om fortida nettopp for framtida si skuld. Fortida er forbi, men utan at vi veit noko om ho, kan vi ikkje vite godt nok kva som er bra og mindre bra med dei utviklingstrekka vi ser i dag. Kva vil vi, og kva vil vi aldeles ikkje?» Og vidare: «Demokratiet er ikkje gitt ein gong for alle. Det treng historiebevisste samfunnsborgarar med demokratiske verdiar i ryggmargen.»

Dei som er gamle nok til å hugse 9. april 1940 er no godt over 80 år. Dersom ikkje skulen tek ansvaret med å bringe vidare kunnskapen om den katastrofen som nazi-Tyskland forårsaka i verda, kven skal da gjere det?

I Norge anno 2021 ser vi dessverre at brunskimra politiske haldningar gjer seg gjeldande i det offentlege ordskiftet. Nasjonalisme og sjølvdyrking blomstrar i urovekkande grad, til og med på Stortinget. I fleire land ute i Europa er det enda verre. Høgrepopulistiske krefter vinn fram. Det er all grunn til å vere på vakt.

Historiefaget er viktigare enn nokon gong.

Eg siterer Erling Outzen igjen: «Dei som er blanke om fortida, er blinde når dei går inn i framtida.»