Kvinnedag eller forlenging av 1. mai?

08.03.2021

Kvinnedagen skriv seg tilbake til starten av 1900-talet. Meir enn hundre år seinare blir dagen mange stader arrangert som ei rein forlenging av 1. mai. I Sunndal, som eg kjenner godt til, har Ap, SV og LO gjennom alle år lagt beslag på dagen, med eit program som i praksis har gjort at kvinner med eit anna politisk syn har følt seg utestengte. Først dei seinare åra har det kome opp eit alternativt arrangement i Sunndal.

Det er sjølvsagt opp til kvar enkelt å lage sitt 8. mars-arrangement. Men det beste hadde vore ei brei og inkluderande samling, der alle kvinner kjente seg velkomne. På 8. mars burde ein ha lagt partipolitikken til sides, og samla seg om saker som er viktige for alle kvinner, uavhengig av politisk tilknyting.

Ingen kan nekte for at den politiske venstresida har stått for ein stor del av grovarbeidet i kampen for likestilling mellom kjønna. Modige, radikale kvinner har opp gjennom åra gjort eit arbeid som det verkeleg står respekt av.

Men tidene endrar seg. Likestilling er ikkje lenger eit tema berre for det politiske ytre venstre. Alle partier er opptatt av dette - kvar på sitt vis. Det er eit stort sprang frå fortida sin kamp for kvinneleg stemmerett, til dagens samfunn der kvinner sit i dei fremste posisjoner innafor både politikk og næringsliv. I 2021 er ei av dei fremste likestillingskvinnene i Norge skihoppar. Eg er ikkje så sikker på at markeringa i dag fullt ut avspeglar akkurat dette.

Eg veit om mange sterke og ressurssterke kvinner som ikkje kjenner seg heime i markeringa av 8. mars. Det er eit trist utslag av at dagen har vorte så sterkt politisert, og til forveksling liknar på 1. mai.