Kvinnene sin kampdag

08.03.2021

8. mars er den internasjonale kvinnedagen. Det første forslaget om ein slik dag kom frå den kjende, tyske politikaren Clara Zetkin på den sosialistiske Andre Internasjonalen sin kvinnekonferanse i København i 1910. I 1975 erklærte FN 8. mars som internasjonal kvinnedag.

I Norge vart kvinnedagen markert første gong i 1915. Då heldt Kvinneforbundet i Arbeidarpartiet folkemøte for fred, og kommunisten og feministen Aleksandra Kollontaj frå Russland heldt tale i Oslo.

I Norge blir kvinnedagen markert over heile landet, sjølv om oppslutninga i dag ikkje er riktig den same som tidlegare, da mange av krava frå i 70-talet no er innfridde. 8. mars 1978 nådde markeringane eit høgdepunkt, då 20.000 kvinner og menn gjekk i tog rundt om i landet.

På denne dagen i 1984 vart det 14. vinter-OL opna i det da fredelege Sarajevo i Jugoslavia. 19 år seinare vart Bente Skari den første norske kvinna som vann tremila i Holmenkollen.