Strålande kyndelsmesse

02.02.2021

Kalenderen viser 2. februar, og ifølge primstaven er det kyndelsmesse. Kyndelsmesse er ein katolsk og orotodoks fest som blir feira til minne om Maria si rensing og framstillig av Jesus i tempelet.

Kyndelsmesse 2021 ser ut til å gå inn i endelaus rekke av strålande vinterdagar her i Bud. Rekka var rett nok broten av ei snøfall no i helga. Men i dag skin sola på vinduet til arbeidsrommet mitt, og ber bod om ein vinterdag med kuldegrader, vebju og fint skiføre. Vi har det ikkje så verst!

Om kyndelsmesse skriv Wikipedia m.a.:

I Norge var kyndelsmesse, eller kyndelsmess som han gjerne vart kalla, ein viktig festdag. Ein åt gjerne julemat, og hadde storslagne feiringar i kyrkjene. Dagen er avmerkt på primstaven, typisk med ei krone som symbol for jomfru Maria som himmeldronninga,[1] ein kross, ei lilje eller ein sjuarma lysestake.[12]

Feiringa markerte slutten på jula, og på stader der mannfolka var farne på fiske, har festdagen opp mot nyare tid vore kalla «kjerringjuldagen». Ein kunne eta ei kake laga på julekvelden denne dagen, kjend som julebonden.

Feiringa markerte slutten på jula, og på stader der mannfolka var farne på fiske, har festdagen opp mot nyare tid vore kalla «kjerringjuldagen». Ein kunne eta ei kake laga på julekvelden denne dagen, kjend som julebonden.[12]

I folketradisjonen var det vanleg å sjå på åtferda til borna denne dagen, og lesa varsel av denne. Ein kunne også ta varsel om vêret. Ein tradisjon sa at vêret kom til å vera slik det var på kyndelsmessedagen i sju veker etterpå.[12] Sør i landet rekna ein gjerne mildvêr på kyndelsmesse som eit godt teikn, medan det frå Trøndelag og nordover bar teikn om dårleg vêr resten av året om det var mildt eller fint vêr denne dagen. Ein rekna det som vanleg at det kom hardt vêr ein gong rundt kyndelsmesse, kalla kyndelsmesserykkjen, kyndelsmesseri(d)en eller kyndelsmesseknuten. Ein rekna gjerne med at halvparten av snøen var komen ved denne dagen, noko som er reflektert i eit trøndersk munnhell: «Kyndelmesskåa er midt i snøa.»[1] Dette var gjerne også dagen ein rekna med at halvparten av vinterfôret ville vera brukt opp.[12] Vidare kunne ein seia at bjørnen snudde seg i hiet denne dagen.

Norge vart kyndelsmesse avvikla som helligdag frå og med 1771.

Du kan lese enda meir om kyndelsmesse på Wikipedia ved å klikke her.