La deg ikkje lure av april!

22.04.2021

Bildet er tatt gjennom frontruta på bilen 22. april 2016. Eg står i ei busslomme på Istad, der det snør. På Facebook dukkar det opp eit minne frå denne dagen, og eg skreiv: «Snøvær stort sett i hele dag. Ganske vanlig på en 22. april. Om vi liker/tror det eller ei.»

Ja, slik er det med denne aprilmånaden. Når eg no sit her ute mot Hustadvika og skriv desse linene om formiddagen 22. april 2021, dalar snøen ned utanfor glaset. Vergudane fornektar seg ikkje. April er ein vårmånad, og mange likar å tru at dette er ei tid da sola varmar, snøen smeltar og nytt liv av daude gror. Men verstatistikken viser noko heilt anna.

Wikipedia definerer begrepet aprilver slik: «Aprilvær er en folkelig betegnelse på en ustadig værtype med raske skiftninger mellom strålende solskinn og byger - oftest lokale småbyger med regn, små hagl, sludd og/eller snø. Værtypen hører våren til, og mange steder i Norge kan aprilvær være vel så vanlig i mai og første del av juni - i fjellet og lengst nordpå er det ofte fortsatt full vinter i april.»

Heller ikkje mai, som melder seg på om ei dryg veke, er trygg. Hugsar du maimånaden i fjor? Det gjer i alle fall eg. Det kraftige snøfallet gjorde at det berre var så vidt eg kom meg heilskinna på arbeid. Ikkje berre ein dag, men i vekevis.

Det er lov å håpe på sol og varme, men lurt å vere førebudd på noko heilt anna.