Laika vart verdsberømt, men betalte ein høg pris

03.11.2022

3. november 2022 er det på dagen 65 år sidan den sovjetiske satellitten Sputnik 2 vart skoten opp. Om bord var hunden Laika.

Laika vart det første levande vesen i bane rundt jorda. Hensikta med hundeeksperimentet var å bevise at ein levande passasjer kunne overleve i rommet, i eit miljø utan tyngdekraft.

Etter ferda i rommet, vart Laika ein verdsberømt hund. Men sett frå hunden sin ståstad, vart heile romeventyret ei trist historie. Ja, dyreplageri er det rette ordet å bruke.

Laika overlevde berre fire timar i bane rundt jorda. Under oppskytinga auka hjarterytmen tre-fire gongar over det normale, samtidig som blodtrykket steig voldsomt. Denne påkjenninga, i ein temperatur på over 40 grader, gjorde at hunden døydde etter berre så kort tid.

Sputnik 2 var ikkje konstruert for å lande. Hunden sin skjebne var dermed besegla da den fauk ut i rommet. Men det fekk ikkje omverda vite noko om. Det sovjetiske propagandaapparatet styrte (des)informasjonen om Sputnik 2 med hard hand. Ingen kunne kontrollere det som vart sendt ut. Nokså typisk er det derfor at Arbeiderbladet 4. november 1957 meldte at «Sputnik II har en levende hund om bord - skal lande på jorda igjen med fallskjerm». Avisa kunne også fortelje at hunden om bord var eskimotispa «Damka». Sanninga var altså at Laika var ei tre år gammal tispe av blandingsrase, plukka opp på gata i Moskva.

5. november meldte m.a. Drammens Tidende at Laika hadde det «helt utmerket», og at «dens tilstand er helt tilfredsstillende». Meldinga var basert på ein rein bløff frå dei sovjetiske vitskapsmennnene. 5. november hadde Laika vore død i to døgn.

I ettertid har det kome fram at Laika satt fastspent i den svært tronge Sputnik 2 i tre dagar, før satellitten vart skoten opp. Dei offisielle meldingane gjekk ut på at Laika levde i fire dagar i rommet, og at ho leid ein smertefri død. 4. april 1958 brann Sputnik 2 opp i atmosfæren, etter 2.570 rundar rundt jorda.

I Vesten vekte det stor oppsikt at det var mogleg å skyte ein kunstig satellitt opp i ei høgde på meir enn 1.500 kilometer. Amerikanske ekspertar meinte derfor at Sovjet måtte ha utvikla eit nytt brennstoff, som den vestlege verda enno ikkje hadde kjennskap til.

Avisoppslaga frå november 1957, viser at Sputnik-oppskytingane var ein sensasjon som også nordmenn flest var svært opptekne av. Mange artiklar fortel om folk som stod ute i kveldsmørket i håp om å få eit glimt av satellitten på stjernehimmelen.

Romkappløpet mellom Sovjet og USA starta midt på 50-talet. Dei to stormaktene la mykje prestisje i dette. For Sovjet var det for ein stor seier da dei 4. oktober 1957 skaut opp den ubemanna satellitten Sputnik 1, og berre ein månad seinare Sputnik 2 med Laika om bord. 

Med Sputnik 2 klarte Sovjet å bevise at levande organismar kunne overleve i rommet, sjølv om Laika altså ikkje klarte å halde ut i meir enn fire timar. Eksperimentet var likevel det som skulle til for å bane veg for menneske i rommet. Sovjet tok ei tidleg leiing i romkappløpet. Men med månelandinga i 1969 knuste USA all motstand.