Ei sørgeleg form for langrenn

19.12.2021

Etter å ha tapt rettane til verdscupen i langrenn, må NRK prøve å redde stumpane. Løysinga vart ei storstilt satsing på langløp.

Eg såg litt på desse sendingane denne helga. Det er sørgeleg saker. Time etter time med staking i mølje har lite med langrenn å gjere.

Utvikling. Endring. Nye tider. Ja da. Heller ikkje langrennssporten kan vere statisk. Men det betyr jo ikkje at all endring er til det betre.

Langløp er i utgangspunktet eit spennande konsept. Men dersom dette berre skal handle om armstyrke og bakglatte ski, tvilar eg på om denne langrennsvarianten nokon gong blir attraktiv for fleire enn dei heilt spesielt interesserte.

Vasaloppet, ni mil med staking, ein gong i året er greit. Men det er også nok.