Lat oss heie på utlendingane og reklamen

28.11.2022

Kva er det som eventuelt kjem til å ta livet av langrennssporten - reklamen på TV3 eller resultatlister som den vi ser her? Eg heller sterkt til det siste.

Den årlege klagesongen over reklame i langrenssendingane er i gang igjen i sosiale media. Det er ikkje måte på jeremiadar. Boikott er eit mykje bruka ord. Boikott av TV3. Boikott av annonsørane. Svaret på slikt vrøvl er sjølvsagt at dersom mange nok set makt bak truslane, blir det ikkje meir langrenn på norsk TV.

I notidas verkelegheit, som altså er noko annleis enn på 60- og 70-talet, har ikkje NRK økonomiske musklar til å kjøpe rettane til alt som finst av idrett. Alternativet er å fleirdoble kringkastingsavgifta. Men da hadde det også vorte ramaskrik. Eg ser ikkje bort frå at mange av dei som deltek i hylekoret mot reklamen, ville ha bjeffa omtrent like høgt mot meir pengar til NRK.

Personleg lever eg godt med reklamen i langrennssendingane. I staden for å fokusere på desse avbrota, gler eg meg heller over nye stemmer, kompetente kommentatorar og sendingar av høg kvalitet.

Langrennsløparar er ein trua art. Vi snakkar om ein liten idrett, som rekrutterer løparar med vinnarsjansar frå stadig færre land. I staden for å sutre, burde vi svelge reklamen i oss og vere glade for at det framleis finst TV-kanalar som satsar tungt på langrenn.

Og da er vi tilbake der eg starta: Kor lenge vil marknadsverdien til langrenn halde seg oppe, dersom vi renn etter renn, vinter etter vinter, får resultatlister med fullstendig norsk dominans? NM kvar helg vil etter kvart sende verdien av idretten ned i kjellaren. Da fell også prisnivået på TV-rettane. Eit scenario er altså at interessa for langrenn internasjonalt kan bli så låg, at NRK kan kjøpe senderettane for ein billeg penge.

Men da er langrennssporten i realiteten død. Eg tykkjer ikkje det er så mykje å sjå fram til. Derfor bør vi heie ekstra på dei utanlandske løparane og, ikkje minst, på dei annonsørane som finn det verdt å finansiere TV-sendingane.