Meldt sakna hausten 1976 - vart funnen året etter

11.11.2021

45 år har gått sidan det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon i bæverdalstraktene etter Ingar Holten frå Tingvoll. 32-åringen dro ut på rypejakt tirsdag 9. november 1976. Same kveld vart han meldt sakna.

Fleire hundre personar, samt helikopter, deltok i leiteaksjonen. Laurdag 13. november gjekk det fire bussar med frivillige frå Tingvoll.

Men det skulle altså gå nesten eitt år før Holten var funnen omkommen. Det var tre jegerar som laurdag 22. oktober 1977 fann Holten i bratt og ulendt terreng i Rundbotnen, nær fjellet Dyrstolan på grensa mot Valsøyfjord. Konklusjonen var at han hadde ramla utfor ein skrent.

Holten starta frå Brattset, og skal ha hatt som plan å gå vestover mot Neverholten. Funnstaden låg derimot eit par timars marsj i retning nord frå Brattset.