Femti år sidan ein berømt lekkasje

02.03.2021

2. mars er det på dagen femti år sidan regjeringa Borten gjekk av. Avgangen, som er ein av dei mest sagnomsuste i nyare norsk historie, skjedde etter at Dagbladet hadde omtala eit hemmeleg notat frå ein samtale mellom ein norsk embetsmann og ein frå Europakommisjonen.

Statsminister Per Borten fekk skulda for å stå bak lekkasjen. Ettertida viste at det ikkje var tilfelle. Borten hadde vist notatet til leiaren for Folkebevegelsen mot norsk medlemskap i EEC, Arne Haugestad. Men heller ikkje Haugestad var Dagbladet si kjelde.

Det var derimot statsministeren sin rådgjevar, Ole N. Hoemsnes. Hoemsnes innrømte dette i boka «Skjebnedøgn - om Borten-regjeringens fall», som kom ut i 1986.

Eg var så få heldig å få intervjue Hoemsnes over ein lang middag i samband med utgjevinga. Det var verkeleg ein interessant kveld.