Skruppellaus høgrepopulisme

16.10.2021

Å bruke ressursar på å redde klimaet er meiningslaus sløsing. Heller ikkje bistand og integrering bør vi bruke pengar på.

Bodskapen kjem frå Frp-leiar Sylvi Listhaug. Ho og partiet har hamna i ein skuggedal, og risikerer å måtte drive med bjeffing for døve øyrer i fire år framover.

I denne situasjonen er oppskrifta tydelegvis å ta Frp i ei meir ekstrem retning. I forlenginga av dette kjem auka lydstyrke og meir kynisme - også i høve til dei svakaste gruppene.

Inn under alt det som korset symboliserer, ligg også nestekjærleik, solidaritet og forvaltaransvar. Når Sylvi Listhaug ofte går rundt med eit kors om halsen, forstår vi at denne symbolikken ikkje gjeld i Frp. Det menneskesynet som Frp-leiaren og mange andre i partiet gjer seg til talspersonar for, har ingenting med korset å gjere. Tvert om.

Sylvi Listhaug si gjenoppbygging av Frp ser ut til å skulle bygge på skruppellaus høgrepopulisme.