Litt nostalgi frå oktober 1971

02.10.2021

På ein laurdag kan det passe med litt 50 år gammal nostalgi. Eg klikka meg inn på Tidens Krav for 2. oktober 1971, og fann fleire innslag som vekte gamle minne.

Som for eksempel «Signaturtipperne». Dette var lenge før den digitale tidsalderen. Tippestoffet i avisene var derfor viktig for dei mange som jakta på den rette kombinasjonen av 1, x og 2. Mykje har forandra seg, men som vi ser, er mange av laga dei same som vi i finn på tippekupongen i dag.

I 1971 var framleis 12 rette det gjevaste ein kunne vinne på tippe- og lotterifronten. Frist for å levere kupongen var onsdag, og endelege premiesummar kom på Dagsnytt først tysdagen etter kamphelga.

Eg tek også med radio- og TV-program for den første oktorberhelga i 1971. Det var så ymse med programmet på denne tida, kan ein vel seie med 2021-brillene på. Men for femti år sidan kunne folk gle seg over både Erik Bye og Familien Ashton på helgekveldane. Det var store greier.