Litt om sol og måne på ein grå måndag

23.03.2021

To dagar etter vårjamdøgn er det grått og vått her ute i Bud. Det er måndag, den siste før vi over helga går inn i den stille veka.

Påska er ei merkeleg høgtid, på den måten at det er månen som bestemmer når ho skal kome. Men heller ikkje vårjamdøgn har ei heilt konstant plassering på kalenderen. Vårjamdøgn varierer mellom 20. og 21., og ein sjeldan gong den 19. mars.

I år var det altså den 20. mars.

Påska kjem på eit tidspunkt som mange vil kanskje vil oppfatte som litt tidleg i år. 1. påskedag fell på 4. april. Men legg vergudane godsida til, kan det likevel bli fine dagar.

Påskedagen kan tidlegast kome 22. mars og seinast 25. april. 1. påskedag på 22. mars skjedde sist i 1818 og vil ikkje gjenta seg igjen før i 2285. Det hender ikkje så ofte, med andre ord.

Sist 1. påskedag kom på 25. april var i 1943. Neste gong er 2038.

Spesielt interesserte kan gle seg til at vårjamdøgn neste gong kjem på 19. mars i 2096.