Livsnerve i 129 år

02.07.2022

Hurtigruten har gebursdag i dag. 2. juli 1893 la kaptein Richard With sitt dampskip D/S Vesteraalen ut frå Trondheim med kurs for Hammerfest.

Turen den gongen tok 67 timar. Ruta langs norskekysten vart etter kvart utvida. I dag trafikkerer Hurtigruten mellom Bergen og Kirkenes. Rundturen Bergen - Kirkenes - Bergen tek elleve døgn.

I snart 130 år har Hurtigruten fungert som ein livsnerve for kystbefolkninga. Skipa fraktar passasjerar og gods, og står samtidig for ei enorm verdiskaping. Ifølge selskapet sine nettsider, kjøpte Hurtigruten i 2019 varer og tenester for 3,2 milliardar kroner frå norske leverandørar. Totalt skaper verksemda meir enn 3.000 arbeidsplassar.

Historia til Hurtigruten innheld mykje dramatikk. Naturkreftene langs kysten vår er ikkje til å spøke med. Gjennom åra har fire forlis i fredstid kosta menneskeliv. Den verste katastrofen er Sanct Svithun si grunnstøyting ved Nordøyan fyr på Folda i 1962, da 41 menneske omkom. Under 2. verdskrig gjekk 14 skip tapt. Til saman mista over 700 menneske livet. Av desse var 300 på Prinsesse Ragnhild, da skipet vart sprengt ved Landegode 23. oktober 1940.

Her i Bud kan vi dagleg sjå Hurtigruten passere til og frå Molde. Dei flotte skipa er rundt 125 meter lange, med ei breidde på ca. 20 meter. Passasjerkapasiteten ligg i overkant av 600. Hurtigruten har i dag 34 stoppestader. Fire av desse ligg i Møre og Romsdal: Kristiansund, Molde, Ålesund og Torvik. Om sommaren står i tillegg Geiranger og Urke på ruteplanen.