Bankfusjonen i Surnadal: Ein dag for stoltheit

03.05.2021

3. mai 2021 vart dagen da Surnadal Sparebank gjekk over i historia. No er namnet Sparebank 1 Nordmøre, etter fusjonen mellom Surnadal Sparebank og Sparebank 1 Nordvest. Eg er sikker på at samanslåinga er eit rett grep, som vil kome både næringsliv og privatkundar i banken sitt nedslagsfelt til gode i rikt monn.

Eg ser i sosiale media at det er ein viss skepsis mot nybanken. Det er ikkje uventa. Nostalgien sit djupt i dei fleste av oss. Det er alltid vemodig når noko vi har vore vande med å ha rundt oss i alle år kjem bort.

Men som forretningside har nostalgi inga berekraft. Å dyrke nostalgien er det same som å sjå bakover og miste evna til å tenke strategisk. Da fusjonen vart kjent, uttala adm. banksjef Allan Troelsen m.a. dette på banken si nettside: «Hovedmålet med sammenslåingen, utover å skape en bedre bank for kundene våre, er å sikre og utvikle attraktive lokale arbeidsplasser, skape større konkurransekraft og bidra til økt utvikling av næringslivet. Vi skal skape økt lønnsomhet og avkastning for eierne og større evne til å bidra til lokalsamfunnenes utvikling.»

Og det er jo dette alt handlar om. Bygda treng ein lokalt forankra bank med kraft til å ta både små og store løft. Da gründeren og verdiskaparen Lars Løseth for alvor tok til å bygge seg opp på 70-talet, var det ikkje bankhjelp å få lokalt, les eg i boka «Frå kolonial til kjøpesenter». Truleg mangla lokalbanken både evne og vilje. Eg reknar med at ingen ønskjer seg tilbake til slike tilstandar. Fusjonen mellom Surnadal Sparebank og Sparebank 1 Nordvest er eit viktig tiltak for å hindre at det skal skje.

Om resultata til Surnadal Sparebank akkurat i dag er strålande, står det ikkje hogge i stein at det ville ha vorte slik for all framtid. Etter å ha jobba i mange år i landet sitt største lokalaviskonsern, har eg lært ein ting: Det er ikkje lov å kvile på laurbæra. Da er det veldig lett at toget går, medan du sjølv står att på perrongen og ser på din eigen fortreffelege navle.

Det er i gode tider, med muskelkrafta og forhandlingskorta intakt, at ein skal tenke nytt og gjere endringar for å trygge framtida. For bankkundane i Surnadal er 3. mai 2021 ein dag for stoltheit, ikkje sutring.