Han skapte heavyrock med klassiske overtonar

17.06.2021

Ved sida av det legendariske Mark II-mannskapet, har gruppa Deep Purple hatt ulike besetningar opp gjennom åra. Organist, pianist og komponist Jon Lord var med heilt frå starten i 1968, til han ga seg i 2002. Etter mi meining var Jon Lord, ved sida av trommeslagar Ian Paice, dei to einaste som ikkje kunne skiftast ut. På kvart sitt vis sette dei eit så tydeleg stempel på musikken, at ingen andre kunne gå inn og samtidig bevare sjela i bandet. Paice og Lord var for øvrig svograr, gift med tvillingsøstre.

Ian Paice heng framleis med, og er no den einaste som har vore med i bandet absolutt heile tida. Da Jon Lord slutta for å konsentrere seg om andre prosjekt, vart han erstatta av Don Airey. Ein dyktig musikar, bevares. Men ingen Jon Lord, som for ni år sidan gjekk ut av tida. 9. juni 2021 ville han ha fylt 80 år.

Gitaren var det dominerande instrumentet da heavyrocken kom på slutten av 60-talet. Etter kvart vart orgelet ein del av lydbildet. Ingen klarte å utnytte dette betre enn Deep Purple. Den klassisk skolerte Jon Lord ga gruppa eit uttrykk som var heilt spesielt. Sjølv i dei mest rocka låtene skin den klassiske inspirasjonen igjennom i det han gjer. Her ligg etter mi meining sjølve nøkkelen til Deep Purple-magien. Etter Jon Lord står det igjen ein del orgelsoloar, som ikkje kan karakteriserast som noko anna enn ubegripeleg vakre.

Ved sidan av karrieren i Deep Purple, hadde Jon Lord ein omfattande produksjon av soloplater. I mykje av det han skreiv kombinerte han rock og orkestermusikk. Eit banebrytande stykke musikk i så måte er Deep Purple si plate frå 1969, «Concerto for group and orchestra». Gruppa framførte dette verket saman med eit rumensk symfoniorkester i hangar 5 på Værnes 4. oktober 2000. Det var heilt greit å vere der, for å seie det slik.

Jon Lord hadde ei høg stjerne blant sine samtidige tangmentmenn. Ein som beundra Deep Purple-organisten var Rick Wakeman, mangeårig Yes-medlem. Eg let Wakeman få siste ordet i denne vesle hyllesten til ein av dei mest geniale musikarane eg nokon gong har gjort meg kjent med:

«Jon Lord is one of the greatest keyboard players there has ever been. He's not really considered a prog rock musician, but he did things that nobody else did. When you look at early Deep Purple especially, there was a lot of prog in there - they were breaking rules. Jon did things that you 'shouldn't' - in inverted commas - do on in the context of a rock band. If that's not progressive, I don't know what is.»