Lyden av ein mann som forsøker å gå på egg

19.08.2022

David Sylvian er ein artist vi så å seie aldri høyrer på radio eller ser på TV. I musikkdiskusjonar på sosiale media er han sjeldan tema. Vi les ikkje om han i avisene. David Sylvian har lukkast med å bli usynleg, skriv Frode Grytten i ein artikkel på framtida.no frå 2008.

Grytten legg til: Å vere stille verkar då også å vere einaste løysinga i ei verd som ikkje lenger er i stand til å lytte.

Med andre ord: David Sylvian brukar musikken til å kommunisere - ikkje noko anna. Han er motstykket til dei mange talentlause jyplingane som i dag produserer mediastøy for å dekke over sin eigen inkompetanse.

I eit landskap mellom ambient, jazz og pop, har denne merkelege mannen skapt sitt eige musikalske univers. Med nokre ekspermimentelle unntak, er ikkje musikken spesielt vanskeleg tilgjengeleg. I all sin melankoli og genialitet krev den berre at du lyttar og let deg utfordre. For å ta fram eit Grytten-sitat til: Sylvians musikk er lyden av ein mann som forsøker å gå på egg.

David Sylvian, som eigentleg heiter David Allan Batt, er født 23. februar 1958 i England. Han er komponist, tekstforfattar, gitarist, keyboardist og ein fabelaktig vokalist. Redaktør i musikkmagasinet Puls, Arild Rønsen, skreiv ein gong: Som vokalist er han uimotståelig. David Sylvian får en Paal Flaata (Midnight Choir) og en mollstemt Morten Harket til å låte som aggressive hyener. Denne mannen synger akkurat som Chet Baker spilte trompet. Det som ikke kan uttrykkes via seks-sju toner i den skalaen vi er vant til å forholde oss til; det er uinteressant.

Diskografien til David Sylvian tel rundt tjue album. I tillegg kjem platene med gruppa Japan, det fenomenalt flotte albumet med Rain Tree Crow og andre samarbeidsprosjekt.

25 har gått sidan eg kjøpte mi første plate med David Sylvian, Brilliant Trees (1984). Handelen skjedde hos Virgin på Oxford Street i London. Denne utgjevinga var også Sylvian sin debut som soloartist. Deretter kom tre perler på ei snor: Alchemy: An Index of Possibilities (1985), Gone to Earth (1986) og Secrets of the Beehive (1987). For den som vil utforske katalogen til David Sylvian, er desse platene etter mi meining den rette plassen å starte. Gode alternativ kan vere samleplata Everything and Nothing (2000) eller Dead Bees on a Cake (1999).

Nye steg vil vere å gjere seg kjent med ambientplatene - altså dei reine lydmåleria frå David Sylvian si hand. Flux + Mutability kom i 1987 og Plight & Premonition i 1988. Samarbeidspartnar på begge desse platene er Holger Czukay frå den tyske gruppa Can. Den dvelande og klangfulle Approaching Silence (1999) ligg i same landskap.

«I all sin melankoli og genialitet krev den berre at du lyttar og let deg utfordre» 

Noko av det mest spennande med David Sylvian, er alle samarbeidskonstellasjonane han har etablert saman med andre artistar. Frå ei lang liste kan vi trekke fram Robert Fripp, Jon Hassell, Mark Isham, Ryuichi Sakamoto og nemnte Holger Czukay. Sylvian har også samarbeidd med norske musikarar som Arve Henriksen, Jan Bang, Erik Honoré, Eivind Aarset og Sidsel Endresen.

For meg står prosjekta saman med King Crimson-gitarist Robert Fripp i ei særstilling. Sylvian og Fripp ga i 1993 ut albumet The First Day, og året etter live-plata Damage. Samspelet mellom dei to fungerer eksepsjonelt bra. Kanskje går det an å gå så langt som å seie at opninga på Damage, ein melodi med same namn som albumet, er David Sylvian sin musikk oppsummert i ei slags høgare eining på fire og eit halvt minutt? Sart, sårt, søkande, forsiktig og melodiøst listar han seg av stad. På eit underlag av egg.

Spesielt interessserte kan også lytte til remix-plata Darshan (The Road to Graceland) (1993). Her bidrar The Grid og The Future Sound of London med remixversjonar av komposisjonen Darshan frå The First Day.

Den som løyser David Sylvian-koden, er sikra tilgang til ei musikalsk skattkiste. For å knekke koden, må du oppfylle desse tre minimumskriteria:

Du må vere nysgjerrig.
Du må vere utan musikalske fordommar.
Framfor alt: Du må ha god tid.

Arild Rønsen seier det slik: Å like David Sylvian er ikke bare et spørsmål om god smak. Det er en tilstand.