Lyden av hav, vulkanar og forblåsne islandske vidder

28.01.2021

Det kjem mykje spennande musikk frå Island. Blant dei som for meg ragar aller høgast, er gruppa Sigur Rós. Bandet er oppkalla etter eit av medlemmane si veslesøster, Sigurrós, som på norsk betyr «seiersrose».

Eg har aldri vore på Island. Men det er noko med denne musikken som gjer at kvar gong eg høyrer den, får eg ei kjensle av å vere der. Sigur Rós har skapt eit heilt unikt musikklandskap, som gjev assosiasjonar til hav, vulkanar og forblåsne islandske vidder.

Du må ha god tid når du høyrer på Sigur Rós. Den melodiøse, dvelande og neddempa musikken krev konsentrasjon av den som vil få med seg alle nyansane.

Gruppa har tatt eit eige grep med vokalen. Sigur Rós syng på eit språk dei har funne opp, «hopelandish». «Hopelandish» liknar på islandsk, men er berre lydar. Orda betyr ingenting. På denne måten blir vokalen eit ekstra instrument. For meg, som aldri har brydd meg om songtekster, er dette berre heilt genialt!

Sigur Rós platedebuterte med albumet Von i 1997, og katalogen tel så langt 17 plater. Ei av dei finaste er den som her er avbilda. Plata kom i 2002. Coveret er av det meir spesielle slaget. Utanom gruppa sin logo på framsida, står det ikkje eit einaste ord! Musikken skal tale for seg, og den er vel verdt å lytte til.

Elles er platetitlane på islandsk. Denne frå 2008 er som eit musikkstykke åleine for ein gammal norrønist: Með suð í eyrum við spilum endalaust. Vakrare og meir poetisk kan det ikkje bli.

Eg var så heldig å få oppleve Sigur Rós saman med TrondheimSolistene i 2003. Det var ein mektig kveld.

Lytt til Sigur Rós