Man tager det man haver

26.08.2021

Når ein har hytte langt frå veg og folk, kan ein ikkje vere så nøye på det.

Desse visdomsorda kom frå ein kar, som til liks med oss som residerer på Tæla må gå eit godt stykke for å kome fram til hytta si. For eigen del kan eg legge til: Når ein har hytte langt frå veg og folk, er det viktig å ta kreativiteten i bruk og utnytte det ein har når noko skal gjerast. Tunge materialbører opp liene er noko ein gjerne prøvar å unngå - sjølv om det opp gjennom åra har vore mange av akkurat den sorten.

Dette bildet er tatt i Tælastuå i 2002. Den sommaren sette vi i stand det rommet som opphavleg var kombinert gang og uthus til kjøkkenkrok. Her nærmar eg meg, etter eit par vekers arbeid under oppsyn og rettleiing av Gunnar, å bli ferdig med verket. Ikkje Sigdal, akkurat, men på ei veg- og strømlaus hytte eit veldig stort framsteg. Noko av det fine med å halde til på ein slik plass, er at du lærer deg til å sette pris på dei små gledene i kvardagen.

Apropos kreativitet: Kjøkkenbenken er ramma til ein gammal divan. Først var den nokre år i bruk som kjøkkenbenk inne i stua. Da det vart eigen kjøkkenkrok saga vi divanen i to, og fekk til ei svært avansert vinkelløysing.

No har kjøkkenet vore i bruk i 19 år. Her har vi kokkelert og styra. Ja, her har det har det verkeleg vore laga til mange herremåltid.

Det er utruleg kva ein får til ved å «tage det man haver».