Maria bodskapsdag med endeleg beskjed om hytteforbod

25.03.2021

25. mars for eitt år sidan vart det klart at flere hundre tusen hytteglade nordmenn måtte halde seg heime i påska. Regjeringa kunngjorde at dei strenge tiltaka frå 12. mars vart forlenga til over påske.

For eigen del tenkte eg vel at eit såpass offer måtte vi hytteglade tole, i ei tid der ein skummel og ukjent pandemi herja. Når så påska på våre trakter kom med det verste veret som tenkast kan, gjekk det i grunnen nokså bra. Attpåtil sleit eg med ein kranglevoren rygg gjennom påska. Eg var i grunnen veldig godt nøgd med styggeveret.

Påskedagane brukte eg m.a. til å blogge om eksperimentet heimepåske, som eg ikkje hadde opplevd sidan 1992. Innlegga finn du her: Dag 1, Dag 2, Dag 3, Dag 4, Dag 5.

Skjebnen til hyttepåska vart avgjort på Marimesse om våren, kanskje meir kjent som Marias bodskapsdag. Den ortodokse kyrkja feirar alltid dagen den 25. mars. Denne datoen er ni månader før 25. desember, juledagen,

I den katolske kyrkja gjeld visse unntak for feiringa. Om dagen fell i den stille veka eller i påskeveka, vert han feira måndagen etter Kvitesøndag, 2. søndag etter påske. Fell han saman med ein fastesøndag, vert han feira måndagen etter. (Kjelde: Wikipedia).

På primstaven er marimesse om våren lagt til 25 mars, og markert med ei krone, ein kvinnefigur, eit hovud eller eit tre.

På denne dagen i 1957 vart Romatrakten, som la grunnnlaget for EEC, underteikna av Vest-Tyskland, Frankrike, Italia og BeNeLux-landa. Det som den gongen var eit samarbeid mellom seks land, har i dag vorte til eit EU med 27 medlemsland der det bur nesten ein halv milliard menneske.