Møtt med hat og fordommar

28.11.2021

Denne veka fekk Norge ny stortingspresident. Masud Gharahkhani (39) er no nummer to i rang etter kongen. I dagane etter valet har vi vorte kjent med den nye presidenten gjennom omtale og intervju i media. Han gir eit svært solid og sympatisk inntrykk.

Masud Gharahkhani er født i Iran og kom til Norge i 1987. Han er utdanna radiograf. Foreldra integrerte seg raskt i det norske samfunnet, og begge kan sjå tilbake på eit langt yrkesliv. Ein heiderleg familie, rett og slett.

Forløpet til presidentvalet, med avgangen til Eva Kristin Hansen og påfølgande personstrid med innlagt svertekampanje i ikkje ukjent Ap-stil, skal eg ikkje kommentere her. Derimot har eg tenkt å seie noko om kor kort vi er komne i dette landet, når den nye stortingspresidenten sitt iranske opphav utløyser ein flaum av fordommar, framandfrykt, islamhat og rasisme i kommentarfelta.

Høgreekstremismen opplever gode kår i mange land i dag, Norge inkludert. Det vil vere eit feilgrep å undervurdere dei kreftene vi her står overfor. Ein skal ikkje trekke på skuldrene av desse menneska og det dei står for.

Ytre høgre-ekstremistane finn seg ulike arenaer. Dei opererer under jorda, på det mørke nettet eller, som svært mange, i kommentarfelta på opne plattformar. Det finst også dei som er tydeleg stolte av dei brunmskimra haldningane sine, og som brukar kvart eit høve til å markere dette. Når alt kjem til alt er kanskje er desse karravorne utskota dei minst farlege, sidan dei trass alt opererer i dagslys.

Valet av Masud Gharahkhani som stortingspresident er ein historisk milepæl for det norske, fleirkultutrelle demokratiet. Men altså: Milepælen minner oss på om at det i norske folkedjupet skjuler seg mykje svineri.