Med ei nestenulykke i kikkerten

07.04.2022

I forkant av påska 2022 kjem det jamnleg nyheitsoppslag om snøskred i den norske fjellheimen. Like før eg skal til å publisere denne artikkelen, blir det meldt om tre omkomne i Lyngen.

Som ei påminning om at det gjeld å vere forsiktig, og ikkje minst for å vise kor uansvarleg det går an å oppføre seg i fjellet, skal eg fortelje ei lita sjølopplevd historie.

Ein dag i slutten av april 2009 gjekk eg ein tur frå hytta til Botnfjellet. Da eg sat oppe på toppen med kikkert, oppdaga eg plutseleg skispor øvst i Litjbotnen. Da eg såg nærare etter, kunne eg konstatere at skispora førte rett ut av eit skred. Eg slapp å lure på korleis det hadde gått med skiløparane. Dei sat og rasta på ein knaus eit stykke unna. Heldigvis.

Som bilda viser, er det liten tvil om at galningane har utløyst skredet i det stupbratte terrenget. Men dei hadde altså flaks, og klarte å kome seg unna før snømassane nådde dei att.

Eg er så konservativ at eg meiner det er fullt mogleg å få flotte naturopplevingar på ski, utan å sette livet på spel. Men alle er ikkje slik konstruert. Sidan hausten 2008 er 583 personar tatt av snøskred i Norge. Av desse har 92 mista livet. (Sjå tabellen frå varsom.no under).

Varsom.no er ein nyttig nettstad, som alle bør sjekk om dei skal på tur i utfordrande terreng.

Eg oppfordrar alle til å bruke vett og forstand i påskefjellet. Skredfaren er stor over heile landet.

(Du førstørrar bilda i bildeserien under under ved å klikke på dei).