Stor julemesse i Bud

17.11.2021

20. og 21. november er det julemesse på Bud samfunnshus. Mette er ein av utstillarane. Ho kan tilby strikkevarer i ymse variantar, som labbar, vottar, sjal og dukar.

Kona mi strikkar heile året. Men det må vel vere rett å seie at produksjonen har vore på eit ekstra høgt nivå dei siste vekene. Dei som besøker bordet til Mette på messa, vil få sjå mykje fint.

27 utstillarar deltek på messa. Det er imponerande mange. Utvalet av varer er stort og variert. Eg kan ikkje forstå anna enn at her går det an å gjere mange julehandelvarp. I tillegg er det loddsal, og i Lillesalen er det kafe.

Opningstida laurdag er kl. 11-17 og søndag kl. 12-18.