Takk for dei ti første, Mette!

10.11.2021

Tida går fort i godt selskap. I dag er det nøyaktig ti år sidan eg første gong såg denne flotte dama lys levande. Det skulle bli eit møte som ga livet ei brå vending. Som eg sa i talen i bryllaupet vårt: Etter eit par minutt begynte eg å ane korleis det kom til å gå. Etter fem minutt var eg sikker.

Det er noko som heiter kjærleik ved første blikk. Faktisk.

Drøye året etter at vi møttest, vart vi sambuarar. Våren 2014 stod bryllaupet. For ei tid! For ei reise vi har hatt.

Du er ei utruleg snill og omsorgsfull kone, Mette. Den beste! Vi har opplevd mykje saman gjennom desse åra, og vi har heile tida vore tru mot den avtalen vi tidleg gjorde: Dagane skal innehalde mest muleg kos og trivsel. Unødvendige trivialitetar og praktisk armod er vi for gamle til å bruke tid på.

Takk for dei ti første åra i lag.