Mexico City: Eit overveldande møte med OL-byen frå 1968

12.10.2021

12. oktober 1968 vart sommar-OL opna i Mexico City. Eg var tolv år den gongen, og hugsar mykje av det som skjedde. Ikkje minst er fantomhoppet til Bob Beamon i lengde eit minne som sit spikra. Han greidde 8,90 m., og slo den gamle verdsrekorden med 55 centimeter. Det skulle gå 23 år for nokon klarte å overgå dette resultatet.

Eg har vore i Mexico City. Reisa skjedde i 2005, da vi, etter eit eksotisk opphald i den vesle landsbyen San Augustinillo lengst sør på stillehavskysten, avslutta ferien med å besøke storbyen.

For ein kvennbørgarding var møtet med byen overveldande. Eg har vore i mange store byar rundt om i verda. Men Mexico City var rett og slett enorm - og veldig kaotisk. Det bur over 20 millionar menneske i sjølve storbyområdet. Aldri i verda om eg hadde tora å sette meg bak eit ratt her! Og ikkje spør meg korleis drosjesjåføren, som sette oss av midt i den kokande gryta, klarte å finne oss att i folkehavet til avtala tid mange timar seinare.

Under innflyginga kunne vi sjå endelause slumområde. Ingen veit heilt kor mange som held til her. Sentrum byr derimot på mykje spennande og mange vakre bygningar. Fascinerande var det også å sjå området der arkeologane dreiv med utgravingar for å finne restar av den gamle aztekerkulturen.

Mexico City har vore ramma av fleire jordskjelv. Fleire av dei høge bygningane var prega av dette. Dei stod rett og slett på skeive.

Har du lyst på ein ferie som verkeleg viser deg ei anna side av verda, er Mexico eit godt alternativ. Men landet ligg ikkje akkurat utanfor stuedøra vår. Flyturen mellom Amsterdam og Mexico tok tretten timar!