MFK: Stabil ustabilitet – og kva no?

01.11.2021

Det tek på å vere Molde-patriot om dagen. Prestasjonane til laget svingar frå det eminente til det katastrofale, og atter ein gong glapp seriegullet.

Alle kan tape poeng i ein bortekamp mot Strømsgodset. Bodø/Glimt greide også berre uavgjort på Marienlyst i haust. Men å tape 6-0 i ein heilt avgjerande kamp blir noko anna. Det skal ikkje skje for ein klubb av Molde sitt kaliber. MFK rår over den beste spelarstallen i landet. Dei har store ressursar, og siktar kvart år mot seriegull og spel i Europa. Held klubben fram slik som no, kan det vere farvel til Europa i 2022.

Eg har alltid hatt stor sans for trenar Erling Moe. Han er fotballfagleg sterk og framstår alltid som ein rakrygga og heilstøpt kar. Moe har i si tid som trenar løfta Molde mange hakk. Men dessverre: Molde har vorte eit lag som held seg i toppen på ein veldig ustabil måte. Derfor kjem desse gleppatka i dei heilt avgjerande kampane.

Eit blikk på resultata i år fortel kvifor seriemeisteren kjem til å heite Bodø/Glimt og ikkje Molde. På dei siste kampane har Molde, med fem seirar, to uavgjorte og tre tap, tatt 17 av 30 oppnåelege poeng. I same periode har Bodø/Glimt vunne åtte kampar og spela to uavgjorte - altså ingen tap. Det gir 26 poeng.

Molde sin statistikk er ein berg og dal-bane. Er Erling Moe rett mann til å å få retta på dette? Molde har kanskje det høgaste maksnivået i eliteserien.. Men problemet er altså dei altfor mange nedturane. Eg ser av mediaoppslaga at det blir prata om litt av kvart på Aker stadion no - heilt sikkert også om Moe sin posisjon.

Han blir neppe sparka. Truleg er ikkje det beste løysinga, heller. Men noko må med skje med mentaliteten i dette laget, som overraskande ofte viser at dei ikkje er påskrudde når fløyta går.

Det er kanskje her Erling Moe treng hjelp?