Minnerik rundtur i mektig natur

06.06.2021

6. juni 2021 vart dagen for ein retteleg rundtur: Bud - Åndalsnes - Valldal med avstikkar til Tafjord og den gedigne demninga ved Zakariasvatnet - Vestnes - Molde - Bud. Eg og Mette hadde med våre respektive mødre/svigermødre i baksetet, så vi var fire i bilen.

Denne turen, der Trollstigen inngår som eit høgdepunkt, byr på storarta naturopplevingar på rekke og rad. Dette er eit område der satsing på reiseliv verkeleg har gjeve resultat. Åndalsnes med Romsdalseggen, Rampestreken og den nye gondolbanen, Trollstigen med dei spektakulære utsiktspunkta og det flotte anlegget på toppen, den turistvennlege valldalsbygda med m.a. Gudbrandsjuvet - ja, ein kan lage ei lang liste. Og fer du først til Valldal, er jo Geiranger heller ikkje langt unna.

Demninga ved Zakariasdemninga er ca. 100 meter høg. For ikkje lenge sidan såg vi deltakarane i Kompani Lauritsen rappellere ned her. Når ein står på toppen og ser ned i den nifse avgrunnen, er det lett å forstå at dei var redde!

Ein minnerik søndag vart det. Turen er med dette anbefalt.