Mirakel på St. Hanskvelden

23.06.2021

23. juni 1998. Ein fotballkamp. Norge slo Brasil. Ein St. Hanskveld heilt utanom det vanlege.

Ingen nordmann som ber på eit snev av fotballinteresse, vil gløyme denne kvelden. Eg sat heime på Hjelset og såg på. Åleine. Da Kjetil Rekdal skulle ta det berømte straffesparket, gjekk eg ut på kjøkkenet og heldt for øyrene.

Etter å gradvis ha opna for hørselen igjen, forstod eg kva som hadde hendt. Eg kunne gå inn på stua og få med meg reprisene. Som for øvrig går den dag i dag...

«Mirakelet i Marseille» er denne kampen kalla. Fotballgeniet Egil Olsen leia det norske landslaget den gongen. Berre han, med sine kunnskapar og ekstreme taktiske eigenskapar, kunne ha greidd dette. Å overmanne lag, som på kvar enkelt plass hadde betre spelarar enn Norge, var spesialiteten hans.

Etter kampen mot Brasil venta Italia i åttandedelsfinalen. Norge tapte 0-1. Drillo har i ettertid karakterisert denne kampen som eit av sine mest bitre nederlag.

- Det at vi tapte kampen mot Italia ... kampen ble jo en nedtur. De var ikke gode på den tiden. Det VM-et var ikke bare seieren over Brasil og «halleluja», men også en gedigen skuffelse siden vi ikke gikk videre. Tapet for Italia er et av de største nederlagene mine i karrieren, uttala perfeksjonisten Drillo i eit intervju med Aftenposten i juni i fjor.

Kampen 23. juni 1998 sette landet på hovudet. I romsdalstraktene var det veldig fint ver denne kvelden. Eg snakka med ein kar frå Kleive, som låg ute på fjorden og fiska medan kampen pågjekk. Da han kom heim, visste han kampresultatet, utan å ha hatt verken radio eller TV i båten. Lyden frå verandaene inne på land bar så godt utover fjorden at han fekk med seg det viktigaste.