Motvind frå alle kantar

12.11.2022

Jammen vart det ikkje til at eg tok oppatt sykkelsesongen. Eg har ikkje vore oppe på sykkelen sidan slutten av august, og trudde vel eigentleg at det ikkje vart fleire turar dette året.

Men no er brystbeinet grodd og formkurva peikar stødig oppover. Når så temperaturen er uvanleg høg til årstida å vere, låg alt til rette for litt mosjon på to hjul i dag.

Det vart ein runde på nokre kilometer i nærområdet. Planen var å vere ute i ein time. Men bitande motvind frå alle kantar jaga meg etter kvart heim. Eg tok den sedvanlege avstikkaren ned til småbåthamna. Der bles sykkelen over ende to gongar medan eg tok bildet som du ser over. Ei lita filosoferingsstund på benken, som eg ofte tek meg tid til, var ikkje å tenke på.

Men for all del, det var fint å vere ute i frisk haustluft. I den bratte bakken opp frå småbåthamna fekk eg dessutan nok ei stadfesting av at ting har forandra seg med kroppen. I sommar måtte eg leie sykkelen opp her. I dag sat eg på setet og trødde opp bakken, lett som berre det. Det var berre «å gønne på», som det vel heiter på godt norsk no for tida.

Sykkelturen vart ikkje så lang som planlagt. Likevel ga han meg ein fin opptur. Det gjeld å ta vare på dei gledene som dagane gir.

Etter ein tur til benken på småbåthamna rundt St. Hans-tider i år, skreiv eg blogginnlegget Ein avlyst hyttesesong - og andre tankesprang frå reservebenken. Det kan du lese her.