Nesten så ein blir versjuk...

06.04.2021

Kalenderen viser 6. april, og som værdama på TV2 sa tidlegare i dag: Vi er snart ei veke inn i den andre vårmånaden. Ja, du verda for ei lykke. Ingenting er som våren!

Eg er normalt ikkje så opptatt av veret. Det blir som det blir, uansett. Men akkurat no tykkjer til og med eg at det er tungt. Først ei miserabel påskehelg, vermessig sett, og så møter første ørkdagen etter påska oss med enda meir regn, snø og vind. Ein kan bli versjuk av mindre.

Eg ser på Yr, som eg eigentleg ikkje trur så mykje på, at det heller ikkje er spesielt mykje betring i sikte dei nærmaste dagane. Vi kan visst sjå fram til ei helg med grisever, når den tid kjem. Men altså: Meteorologane har det med å ta feil. Håpet lever.

På denne dagen for 123 år sidan kom diktaren Aasmund Olavsson Vinje til verda. Eg avsluttar denne pessimistisk stemte epistelen med ei strofe frå Vinje sitt dikt «Vaaren» for å minne både meg sjølv og eventuelt andre versjuke om at det midt i alt styggveret likevel er grunn til å sjå lyst på livet.

Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjaa,
for Vaaren at røma;
Heggen med Tre som der Blomar var paa,
eg atter saag bløma.
Enno ein Gong fekk eg Isen at sjaa,
fraa Landet at fljota,
Snjoen at braana, og Fossen i Aa,
at fyssa og brjota.
Graset det grøne eg enno ein Gong,
fekk skoda med blomar.
Enno eg høyrde at Vaarfuglen song,
mot Sol og mot Sumar.