Når kvinnehatarar, rasistar og klimafornektarar går hand i hand

25.05.2021

Hetsen mot byråd Lan Marie Berg (MDG) i Oslo viser korleis det står til med folkeskikk og toleranse i dette landet. Det som har pågått over fleire år no, er ei skam.

«Riskoker'n må ut. Rett i fengsel», «Kjerringfaenskapet er kriminell», «Skad ho for livet», og hint om at det finnes «en kjeller på Akershus festning» for «sånne som henne», er nokre få døme kva som velter ut i kommentarfelta. Det finst også dei som set sin lit til at Anders Behring Breivik ein gong i framtida skal ordne opp.

Dette lever Lan Marie Berg og familien hennar med kvart døgn, år etter år.

I Aura Avis (krev innlogging) les eg om leiar i Senterungdommen i Møre og Romsdal, Dordi Boksasp Lerum. Ho vert dagleg utsett for netthets. Etter at ho i fjor skreiv eit innlegg i rovdyrdebatten, vart det så ille at det gjekk fleire månader før ho tora å ytre seg offentleg.

«Skal ikke gå så langt som å kalle deg en ******, men jeg hater deg inderlig. Farvel, grusomme bygdesladderdyr». Det er tøft å vere 18 år og få slike meldingar.

Før helga rann det over for olje- og energiminister Tina Bru (H). - Jeg orker ikke mer. Nå er det faen meg nok! Holdt kjeft, skreiv Bru i eit forsvar for Lan Marie Berg på Facebook. Overfor Dagbladet utdjupar ho: - Det er en blanding av rasisme, kvinnehat, og den polariserende klimadebatten. Jeg er ofte dypt uenig med Lan Marie Berg, men ingen skal behandle min kollega på denne måten. Det er en ufinhet og en intensitet i hatet mot henne som er så grusomt.

«Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv», skreiv Arnulf Øverland. Tina Bru er framleis ein av dei få politikarane frå andre parti som har hatt mot til å i klare ordelag ta avstand frå hetsen mot Lan Marie Berg. No kan det sjå ut som at utblåsinga til statsråden får konsekvensar. Politiet vil sjå nærare på det rasistiske og injurierande grumset som skamlause, etniske nordmenn har spreidd i kommentarfelta dei siste åra.

Lan Marie Berg er ei ung og uredd kvinne. Ho har asiatisk utsjånad og driv med klimapolitikk. Det er skremmande at desse tre elementa til saman har utløyst ein straum av hets og truslar som innafor norsk politikk saknar sidestykke.

Men der er vi. Langt frå alt i Norge anno 2021 er vakkert og ærerikt.