Eit friskt pust i ein alvorstung radiokvardag

01.02.2022

Nitimen såg dagens lys 1. februar 1965. Dei som er såpass vaksne at dei fekk med seg innføringa av nyskapningen, vil hugse at Nitimen representerte noko heilt nytt i eit elles svært alvorstungt programtilbod.

Som ein kuriositet tek eg med radioprogrammet for fredag 29. januar 1965, henta frå Arbeiderbladet. Vi ser inn i ei tid der NRK si fremste oppgåve var å drive folkeopplysning. Klokka 10 på formiddagen var det foredrag om søvnvanskar. Fredagskvelden vart, etter eit program om Winston Churchill og eit ordskifte om filmsensur, avslutta med «Komponister i dagens Sovjet».

Allereie i 1963 hadde Kjell Thue, Svein Bjørnstad og Johan Vigeland starta opp Reiseradioen. Reiseradioen vart så populær, at dei tre unnfanga ideen om å lage eit liknande program som kunne gå året rundt.

Midt i alle foredraga, symfonikonsertane og anna tungsamt stoff, vart Nitimen eit friskt pust. Eg hugsar godt at heime vart det plutseleg viktig å ha radioen ståande på også utover formiddagen. Programleiarar som ikkje berre snakka til folk, men kommuniserte med lyttarane, samt trivelege reportasjar og lett musikk, gjorde at Nitimen raskt vart eit svært populært radioprogram. Da det seinare kom bandopptakar i hus, var Nitimen eitt av dei programma der vi satt klare med opptaksknappen. Av og til dukka det opp ein låt eller to som det var verdt å feste til bandet.

Nitimen har gjennom åra hatt mange programleiarar, som i radiohistoria vil bli ståande som legendariske. Frå litt eldre tider er det nok å nemne Kjell Thue, Knut Borge, Totto Osvold, Kjell Edlund, Torkjell Berulfsen, Gunnar Haugan og Ingrid Sahlin-Sveberg. Rekka kunne ha vore utvida med mange namn til.

I mange år gjekk Nitimen på lufta alle dagar unntatt søndag. I 2000 vart sendetida utvida til to timar. Ein programleiar vart til to i 2012. Frå 2018 starta Nitimen med sendingar også søndagar.

Nitimen er framleis, etter heile 57 år på lufta, eit av Norges mest populære radioprogram. For eigen del må eg innrømme at eg ikkje lenger høyrer med blant dei ivrigaste lyttarane. Grunnen er nok at også dette heiderskrona progammet etter kvart har hamna inn i den same formelen som så altfor mange andre P1-program. I dag skal det meste handle om laust prat, programleiarar som ler av kvarandre og musikk som går inn gjennom det ein øyret og gjennom den andre.

Før spelelistene og dei fastspikra programformata tok over, var det rom for ordkunstnarar som Kjell Thue, Totto Osvold, Knut Borge og Gunnar Haugan. Musikksmaken til dei enkelte programleiarane kom også til uttrykk gjennom platene dei spelte. Det ga variasjon og mangfald.

Som radiolyttar saknar eg den tida. Men så er eg sikkert også veldig gammaldags.