NM-feber – og ein rektor som ikkje let seg bløffe

09.01.2022

Surnadal var prega av NM-feber i januar 1976. Meisterskapet sette bygda på norgeskartet, med overføringar i både radio og TV.

På stadion og rundt løypa var det folksomt. Ei lita rundspørring i Tidens Krav (sjå bildet) viste at folk likte det dei såg.

Enqueten stod på trykk 20. januar, tysdagen etter at NM var over. I den same utgåva meldte Tidens Krav om rekordstor trafikk på Kvanne-Rykkjem den siste NM-dagen. Nær 600 bilar og rundt 800 passasjerar vart frakta over fjorden søndag 18. januar. Det vart sett inn ekstraferje, og trafikantane slapp derfor å sitte lenge i kø.

Eg gjekk siste året på gymnaset i 1976. Vi var mange surnadalingar på Tingvoll gymnas på den tida. Så mange at vi fylte ein heil buss, faktisk.

Mange skulle gjerne ha vore heime og sett på NM. Derfor vart det til at ei nokså stor gruppe med surnadalingar, underteikna inkludert, stilte seg opp på rektor sitt kontor og bad om fri under påskot av å skulle hjelpe til med arrangementet.

Det gjekk godt med dei første. Dei fekk fri. Men så fatta den myndige skulmeisteren mistanke. Han tykte køa var påfallande lang, og lurte på om alle som stod der verkeleg var NM-funksjonærar.

Det vart stille. Køa gjekk i rask oppløysing. Både eg og mange andre måtte sjå langt etter NM.

Ein annan kuriositet: Ei stund etter NM snakka eg med ein frå arrangementskomiteen som hadde mykje kontakt med pressa under meisterskapet. Han opplevde litt av kvart. M.a. fortalde han at Dagbladet sin utsendte journalist ikkje var på stadion i det heile tatt. Han sat i baren på hotellet og såg renna på TV.

Det gjorde inntrykk.