NM-bygda gjorde seg klar til folkefest

04.01.2022

46 år har gått sidan hovuddelen av NM på ski vart arrangert i Surnadal. Fem renn for menn og kvinner gjekk av stabelen i tidsrommet 15.-18. januar 1976. OL i Innsbruck seinare på vinteren gjorde at NM gjekk såpass tidleg.

Dette skjedde i ei tid da NM hadde langt høgare status enn i dag. Alle dei beste løparane stilte til start, og dei gjekk som regel alle distansane. I 1976 var den offisielle verdscupen i langrenn enno ikkje komen i gang.

Vinnarar i Surnadal vart Marit Myrmæl (5 km), Grete Kummen (10 km), BUL (damestafett), Oddvar Brå (15 km) og Ivar Formo (30 km). Andre kanonar som deltok på herresida var Magne Myrmo, Pål Tyldum, Odd Martinsen, Per Knut Aaland, Lars Erik Eriksen, Audun Nerland og Gjermund Eggen. Kjente dameløparar som deltok i tillegg til vinnarane var Ingrid Christensen (Kristiansen), Berit Mørdre Lammedal og Berit Kvello (Aunli).

Ski-NM var eit stort løft for bygda. Det vart satsa stort, ikkje berre rundt det sportslege, men også på folkeliv og kultur. Flaggskipet var NM-revyen, som du kan lese om her i eit Tidens Krav-oppslag frå premieren 3. januar. Tidens Krav sin medarbeidar var begeistra for det som vart vist.

Under NM-helga var det også flust med dansefestar i distriktet. «Storliv», må ein vel på godt surnadalsk kunne kalle desse dagane.

Det blir meir frå NM-dagane i 1976 på Vebju etter kvart.