Nordøyane: Snart landfast - med omstridd vindkraft på kjøpet

03.11.2021

Når Nordøyvegen til fem milliardar står ferdig neste år, vil heile øyrekka som går under namnet Nordøyane vere landfaste. Dei fire sørlegaste, Godøya, Giske, Valderøya og Vigra utanfor Ålesund, vart knytta til fastlandet på slutten av 80-talet. I 2022 er det altså Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya (også kalla Skuløya), Fjørtofta, Harøya og Finnøya sin tur.

Nordøyvegen var i si tid omstridd. Kostnaden vart mykje høgare enn først berekna, og sterke røyster, mellom dei kommunefylkesdirektøren, tok til orde for å skrinlegge heie prosjektet. Men slik gjekk det ikkje. Til ein pris av rundt 1,9 millionar kroner per snute, blir dei 2.700 menneska som bur i nedslagsfeltet til Nordøyvegen landfaste eit stykke ut i 2022.

Eg har reist mykje i Møre og Romsdal i mi tid. Men ein svart flekk på denne reise CV'en min har vore dei fem nordlegaste av Nordøyane. Tysdag 2. november vart denne flekken mindre, da eg og Mette bestemte oss for å utforske Lepsøya, Haramsøya og Flemsøya.

Vi var heldige med veret, og fekk ein tur vi seint vil gløyme. Naturen ute i dette øyriket er rett og slett berre blendande vakker. Vi reiste med ferja frå Skjeltene til Haramsøya, og tok oss god tid her og på Flemsøya. Ei bru og ein molo ute i Ullasundet bind desse øyane saman. Deretter gjekk turen med ferje til Lepsøya, før vi ut på ettermiddagen returnerte til Skjeltene.

Nordøyvegen vil skape ei ny tid ute på desse øyane. Når det gjeld Haramsøya, er ho allereie innhenta av storsamfunnet på ein måte som har vekt enorme protestar. Folket kjempa lenge mot bygging av åtte vindturbinar på øya. Men dei måtte gje tapt. No står alle åtte der. Vindmølleparken vil produsere 113 GWh årleg, som tilsvarar årsforbruket til 7.060 einebustadar.

Vindturbinane ligg oppe på fjellet. Mange stader på øya kan ein ikkje sjå dei. Men enkelte plassar kan dei også opplevast som å kome nokså nære innpå ein. Vindmølleparken synes best frå naboøyane. Herifrå er avstanden sjølvsagt ein heilt annan.

Eg tykkjer faktisk ikkje at dette såg så dramatisk ut. Men så bur eg heller ikkje her ute. For meg var Haramsøya ei perle, også med vindturbinar.

Sjå bilderie frå turen vår her.