Nordøyvegen kan bli fylket sin nye turistmagnet

31.10.2022

Nordøyvegen, som var opna 27. august i år, har gjort øyane Finnøya, Harøya, Fjørtofta, Skuløya (også kalla Flemsøya), Haramsøya og Lepsøya landfaste. Har dette området potensial som attraktivt turistmål? Svaret mitt er ja. Eg trur til og med at potensialet er svært stort.

Da eg og Mette besøkte øyane før dei vart landfaste i fjor, vart vi bergtatt av det fascinerande kystlandskapet. For nokre dagar sidan prøvekøyrde eg saman med min gode ven Nils Arne Nordøyvegen. Etter denne turen vart eg enda meir overbevist om at det her ligg store moglegheiter for turistnæringa.

Nordøyvegen gjer at snaut 3.000 innbyggarar ikkje lenger er avhengige av ferje for å nå omverda. Øyane høyrde Sandøy og Haram kommunar til. No ligg dei i Ålesund, så lenge det varer. Haram er på veg til å bli eigen kommune igjen - om regjeringa står ved løftet sitt om å betale lausrivinga frå Ålesund.

For den som kjem frå norddelen av fylket, er lettvintaste veg å ta ferja frå Hollingsholmen 17 km vest for Molde til Aukra, og deretter ferje frå Småge til Finnøya. Det tek berre eit stort timinutt å køyre frå Aukra ferjekai til Småge. Ferjeturen frå Småge, som er gratis, er ei nauroppleving i seg sjølv. Ferja er innom Orta, Finnøya, Sandøya og Ona. Finnøya er andre stoppestad etter Småge. Du kan enten køyre i land på Finnøy, eller så tek du heile turen om Ona. Der ligg ferja ein time, før ho returnerer til Finnøya.

Nordøyvegen startar i nord på Finnøya, som er knytta til Harøya med ein molo. Frå sørspissen av Harøya går det undersjøisk tunnel (3.680 meter) til Fjørtofta, og derifrå undersjøisk tunnel (5.730 meter) til Skuløya. Herifrå går turen til Haramsøya over moloen ute i Ullasundet. Frå Haramsøya er det ein ny undersjøisk tunnel (3.500 meter lang) over til Hestøya, som ligg innafor Lepsøya. Frå den vesle Hestøya, der det ikkje bur folk, er det vidare ei kort veg-/brustrekning ut til Lepsøya. I motsett retning går det veg og bru til Skjeltene inne på fastlandet. Eit markant landemerke her er den 800 meter lange Lepsøybrua. Frå Skjeltene er det ei mil til Brattvåg og knappe seks mil til Ålesund.

Nordøyvegen har ei total lengde på 37 kilometer. Men når ein først har kome ut til dette øyparadiset, køyrer ein sjølvsagt ikkje kortaste veg. På alle øyane er det mange kilometer veg som ventar på å bli utforska. Her trøyer du tida lenge, om du vil. Det er utrueg mykje fint å sjå.

Dette gigantiske vegprosjektet er bompengefinansiert. Dei fastbuande har klaga på prisen, som utan rabattar er 219 kroner pr. tur med personbil. For den som bur her ute, blir det fort ein del pengar gjennom året. Men for ein turist er etter mi meining 219 kroner ikkje all verda for å få denne opplevinga.

Det skal bli spennande å sjå korleis trafikken på Nordøyvegen utviklar seg Eg tippar Møre og Romsdal her har fått ein ny turistattraksjon.

(Klikk på bilda under for å sjå dei i fullt format).

Les også:
Øyhopping (1): Små øysamfunn - stor natur
Øyhopping (2): Fyr på tre bokstavar
Øyhopping (3): Vi fann hotelleparadiset på Finnøya

Ein bildeserie frå øyturen vår hausten 2021 finn du ved å scrolle eit stykke nedover denne sida.