Novembersøndag: Marioffer i hagl, sludd og sol

21.11.2021

På denne siste søndagen i kyrkjeåret, siste søndag før advent, viser primstaven Marioffer. Marioffer markerer at jomfru Maria vart framstilt i tempelet av foreldra sine, Joachim og Anna. På denne dagen skulle ein gi strømpeband til ungdommen, og lin, tråd og strømpeband skulle ein gi saman med «tiendeull» til prestekvinnene. Det siste tyder på at dette var dagen ein betalte tienda, som stod ved lag til 1918, i form av gardsprodukt.

Det er stille novembersøndag. Eg stikk innom samfunnshuset og tek ein kopp kaffe. Der er det full aktivitet med julemesse. Desse messene har vorte eit av dei sikraste teikna på at julehøgtida nærmar seg.

På den korte turen gjennom Buaværet opplever eg både hagl, sludd og solskin. Haustveret har mange fasettar. Eg ser eit lyspunkt i skydekket over Gossen og tek fram kameraet. Bildet kan kanskje opplevast som eit symbol på at det bak haustmørket gøymer seg årstider med lys og varme?