Nynorsken sin dag

12.05.2022

Nynorskdagen blir markert den 12. mai kvart år. Bakgrunnen for markeringa er Stortinget sitt jamstillingsvedtak frå 12. mai 1885, da Norge fekk to likestilte skriftspråk.

12. mai feirar vi nynorsken som bruksspråk. Mange har sikkert sett oppmodingane på Facebook til privatpersonar, bedrifter og organisasjonar om å bruke nynorsk denne dagen.

Nynorsk blir i vår tid bruka av over ein halv million personar i Norge. Det står sterkt i massemedium, i offentleg forvaltning og i kyrkja. Nynorsk har ein trygg posisjon i skuleverket, men er lite brukt i det private næringslivet.

I global samanheng er nynorsk ikkje noko lite språk. Tvert om. Av verdas rundt 6.900 språk, har 5.000 færre enn 100.000 brukarar. Berre mellom ti og femten språk på jorda blir tala av veldig mange.

Nynorsk er ein viktig del av den norske kulturarven. Derfor er det avgjerande at også framtidige generasjonar forstår og nyttar dette språket. Alle som er interessert i språk og skriftkultur bør ta innover seg at skal nynorsken leve og utvikle seg vidare, må den brukast. I tråd med dette, skriv eg alt innhald på dei to nettstadene mine, Vebju og Fintenkjarplassen, på nynorsk.

For meg var dette eit språkpolitisk val. Eit val som betydde noko, og som det fall lett å ta. Fordi eg likar å uttrykke meg på nynorsk. Eg tippar at fleire ville ha fått oppleve det same, om dei berre hadde tora å prøve.