Nypremiere på Atlanterhavsspelet i 2022

26.03.2022

Fire år etter urpremieren i 2018, blir det nypremiere på Atlanterhavsspelet i 2022 på Ergan i Bud.

Spelet fekk svært god mottaking i 2018, og no legg Teaterdrift Møre AS opp til ei ny storsatsing. Den opprinnelege planen var å ta spelefri i 2019 for å bygge ein sterk organisasjon, og kome tilbake i 2020. Men så kom pandemien og sette ein stoppar for stykket både i 2020 og 2021.

Handlinga i Atlanterhavsspelet er henta ut frå kystkulturarven vår, og omhandlar det strevsame kystlivet på midten av 1800-talet. Det er ei sterk og dramatisk historie, som også er krydra med mykje god humor.

Kystfortet i Bud skapar ei storslått ramme rundt spelet. Frå det fem meter høge amfiet kan publikum følge handlinga, med skjergarden utanfor Bud og det store, blå havet som kulisser. Atlanterhavsspelet er ei oppleving ein seint vil gløyme.

Nøkkelpersonar på og utanfor scenen i år:Manus: Jørn Skar
Musikk: Eldar Skar
Produsent og regi: Endre Skar
Produksjonsleiar: Annbjørg Rørvik Skar
Inspisient: Elin Nyheim

Profesjonelle hovudrollar:
Svein Solenes
Line Brå Johansen
Svein Roger Karlsen
Per Egil Aske

Lokale aktørar i berande roller:
Kristian Fedje
Rune Kleppen
Marit Eide Solheim.
Fleire kjem på plass etter audition 26. og 27. mars.

Premieren på Atlanterhavsspelet 2022 er 28. juli. Det blir deretter framsyningar på desse dagane: 29. juli, 30. juli, 31. juli, 4. august, 5. august og 6. august. Kvardagar kl. 19.00 og laurdag/søndag kl. 14.00.

Atlanterhavsspelet samarbeider med Bud IL og Bud Sogelag. Vår Elitesponsor er Romsdalsbanken, og fleire gode sponsorar er med for å gjennomføre denne kultursatsinga. Hovedsponsorar er XL-Bygg Dale Malo og NEAS. Vidare er Møre og Romsdal fylke, GassROR IKS og Hustadvika kommune tungt med. Atlanterhavsspelet har eit godt samarbeid med Romsdalsmuseet om leige av museet og spelplass.