Odvar Nordli sette kvinnerekord

12.01.2022

I desse dagar for 46 år sidan fekk Norge ny statsminister. Trygve Bratteli (Ap) overlet taburetten til Odvar Nordli (Ap). Den nye Nordli-regjeringa hadde 16 medlemmar. Av desse var fire kvinner (25%). Aldri før hadde ei norsk regjering hatt så mange kvinner.

Tidens Krav rosa på leiarplass kvinnesatsinga til den nye statsministeren: «Vi har også fått styrket kvinnerepresentasjonen, noe mange vil glede seg over». Heldigvis har verda gått framover. I dag framstår rosen til TK som fullstendig absurd.

Einar Gerhardsen (Ap) si første regjering etter krigen hadde ingen kvinner. Da Per Borten (Sp) danna regjering i 1965, var to av femten medlemmar (13,3%) kvinner. Seks år seinare måtte Borten kaste korta. Da sat berre ei kvinne i regjeringa. Den reine Høgre-regjeringa til Kåre Willoch, som kom til makta hausten 1981, hadde 17 medlemmar. Av desse var fire kvinner (23,5%).

Det store gjennombrotet for kvinner i regjering kom da Gro Harlem Brundtland (Ap) vart statsminister for andre gong våren 1986. Her var åtte av 18 statsrådar (44,4%) statsrådar kvinner. Det var ein solid rekord. Gro si kvinneregjering vekte internasjonal oppsikt.

I nyare tid kan Erna Solberg (H) vise til ein kvinneandel på 40,8 prosent i si regjeringstid. I løpet sine åtte år som statsminister «forbrukte» ho, inklusiv seg sjølv, 49 statsrådar. Av desse var 20 kvinner.

Jonas Gahr Støre (Ap) har tatt jamstillinga i norsk politikk enda eit steg vidare. Regjeringa som tok over i fjor haust har fleirtal av kvinnelege medlemmar, 10 kvinner og 9 menn.