Eit tilbakeblikk og ein liten hyllest

10.12.2021

Eit oppslag i Tidens Krav frå 9. desember 1971 viser at det er 50 år sidan Ole Eimund Øverland første gong vart vald til ordførar for Senterpartiet i Gjemnes. Ettersom han allereie i 1965 vart medlem av formannskapet og kommunestyret, var han i 1971 godt i gang med ein politisk løpebane som skulle gjere han til ein av etterkrigstida sine aller fremste samfunnsbyggarar i Møre og Romsdal.

Ole si merittliste i samfunnet si teneste inneheld m.a. 18 år som ordførar og to år som varaordførar i Gjemnes. Han var medlem av fylkestinget i åra 1972-1975 og 1987-2003. Frå 1991 til 1995 var han fylkesvaraordførar, før det vart to periodar som fylkesordførar. I tillegg til dette kjem ei usedvanleg lang rekke andre offentlege tillitsverv.

For innsatsen sin vart Ole i 2008 tildelt Kongens fortenstmedalje i gull.

Eg har hatt det privilegiet å kjenne denne heidersmannen i meir enn 35 år. Få har lært meg meir enn han. Vi held framleis kontakten, den siste tida også med regelmessige møte over ein kaffekopp i Molde. Berikande stunder, der vi saman med Kåre Egil Nerbø utgjer ein mimrande troika.

Etter at eg begynte som journalist i Romsdalsposten i 1977, har eg forsøkt å halde meg nokolunde oppdatert på politikken både på Nordmøre og i Møre og Romsdal for øvrig. I dei åra eg var tilsett i avisa Fylket, fekk eg ekstra godt innsyn i det som skjedde på fylkesnivå.

Når eg ser tilbake, er det ein ting som slår meg: Ordførarrolla, og ordførarane med den, har forandra seg. Før i tida hadde dei lokale ordførarane, med Ole som eit strålande døme, ei langt meir aktiv rolle i det offentlege ordskiftet enn i dag. Ikkje sjeldan såg vi ordførarar som kreative spydspissar i bresjen for omfattande prosjekt og politiske prosessar.

Eg seier ikkje at alt dette no er fråverande. Men for meg verkar det som mange ordførarar i dag lever eit nokså anonymt liv på kontoret. Grunnane til det kan vere mange. Ein er kanskje at dei har meir enn nok med å pløye igjennom dei hundre- og tusenvis av sidene med dokument som ein uforstandig administrasjon spyr ut før kvart møte i kommunestyre og formannskap?