Ordførar, e tykkje de e nok skjenk no

04.04.2022

Alkoholpolitikk har alltid vore eit brysamt saksfelt for lokalpolitikarane. Omsynet til dei næringsdrivande på den eine sida, og frykta for å verke for lausaktig og liberal på den andre, har sendt mange ut i ein smertefull spagat.

Ein omtale i Tidens Krav av ein alkoholdebatt i Surnadal for femti år sidan - vi kjem tilbake til den - fekk meg til å minnast ei historie frå mi første tid som journalist i 1977. På sakslista i Surnadal kommunestyre stod søknadar om skjenking av alkohol til slutta lag.

Lista over søkarar, som inneheldt verksemder som Todalshytta, Solem gard og ein del andre, var sett opp alfabetisk. Ordføraren bestemte at det skulle voterast over kvar enkelt, og begynte på toppen.

Det starta med nokre samrøystes vedtak. Så tok ein senterpartirepresentant, som så langt altså hadde vore med på dei positive vedtaka, ordet og sa: Ordførar, e tykkje de e nok skjenk no.

Han varsla at han ville stemme nei til skjenking til resten av søkarane - noko han også gjennomførte.

Særleg prinsipiell kan ein vel ikkje skulde Sp'aren for å vere. Men i den alkoholpolitiske spagaten er gode råd ofte dyre. For denne karen vart alfabetet redninga, slik at han kunne køyre heim med reint samvit. Han hadde klart kunststykket å vise frisinn og ansvar i ein og same operasjon.

Heilomvendinga fekk for øvrig ingen konsekvensar. Alle som hadde søkt om skjenking til slutta lag fekk ja. I same møte fekk Surnadal Hotell løyve til alminneleg skjenking. Fleire representantar stemte imot dette. Mindretalet meinte at det også for hotellet sitt vedkomande fekk halde med servering av det sterke i slutta lag.

Liknande røyster kunne høyrast i kommunestyret i Surnadal i slutten av mars 1972, der politikarane skulle ta stilling til å forlenge hotellet sitt skjenkeløyve for vin og øl i skatteklasse 2 og 3 i spisesal, salongar og selskapsrom til hotellet sine gjestar. Hotellet fekk ja med 25 mot 8 stemmer. Mindretalet gjekk inn for å avslå søknaden, noko som truleg ville ha betydd slutten for hotellet.

Eit nokså tidstypisk forslag om at løyvet berre skulle gjelde faste gjestar og slutta lag, vart også forkasta.

Dette siste forslaget minner meg om ordninga på eit hotell på Sunnmøre - også dette på 70-talet. Der var det trekt opp eit tau gjennom restauranten. Den eine sida av tauet var tørrlagt område. Dette arealet var for bygdefolket. På den andre sida av tauset sat turistane. Der var det alkoholservering. Lokalpolitikarane meinte med andre ord at levra til dei fastbuande var meir verdt enn levra til dei som besøkte bygda.

Alkoholpolitikken har endra seg drastisk sidan 1970-talet. Om verda har gått framover, er det opp til den enkelte å meine noko om.