Overvelda av bøker og vakker natur

12.08.2021

Kva ende skal ein begynne i? Omtrent slik tenkte eg da eg kom til den norske bokbyen i Fjærland. Mengda med brukte bøker var så overveldande, talet ligg på rundt 150.000 fordelt på 4 hyllekilometer (!), at her var det berre ein ting å gjere: Å innsjå at det var umogleg å rekke over alt, og heller satse på nokre gode kjøp innafor ei rimeleg tidsramme. Dessutan: Gjenta besøket innafor overskueleg framtid. Eg tykte strategien verka godt.

Vi har altså vore på ein liten ferietur. Eit av høgdepunkta var stoppen i Fjærland, som ikkje berre har mykje bøker. Her ligg også Norsk Bremuseum, i tillegg til at naturen er så vakker at den nesten tek pusten frå ein.

Sjølve bokbyen ligg i bygdesenteret Mundal. Mundal er berre ei lita grend, men har rundt ti bokutsal i ymse forunderlege former. Her finn ein mjølkerampar med bøker, og folk har bokhyller på husveggen. Ein fenomenal kreativitet!

Bokbyen vart opna i 1996 av dåverande kuturminister Åse Kleveland.

Les meir om den norske bokbyen i Fjærland her.