Ein søppelplass for uvesentleg skvalder og tanketom musikk

10.03.2021

For ei tid tilbake gjennomførte NRK det som truleg var meint å vere ei modernisering av P1. Det gamle flaggskipet vart omgjort til ei reklamefri utgåve av P4, overfylt av musikk som nesten unntak er retta mot ei heilt anna målgruppe enn dei som lyttar til programma.

Eg veit ikkje kva NRK definerer som den «typiske» P1-lyttaren. Men ut frå programprofilen, slik den no er, har eg kome fram til at i alle fall desse må vere nokre av dei ein meiner er kjenneteikna:

- P1-lyttaren er svært opptatt av listepop retta mot tenåringar, og toler ikkje sjangrar som klassisk, jazz, opera, viser, gammeldans, folkemusikk og korps.

- P1-lyttaren er avhengig av at det er musikk mellom kvart innslag. Innslaga må for all del ikkje vere for lange.

- P1-lyttaren likar helst at alle program foregår i ein humoristisk og lett tone, der programleiarane viser stor evne til å le av kvarandre. Ein versting her er NRK Møre og Romsdal.

Så er spørsmålet: Er dette det verkelege bildet av den klassiske P1-lyttaren, som i alle år har bidratt til å gjere kanalen til Norges største? Det trur ikkje eg. NRK bommar. Eit lesarbrev som vart trykt i fleire aviser for rundt eit år sidan, skildra forfallet på treffsikkert vis: «I det øyeblikk man tror det ikke kan være plass til mer SMÅPRAT og fordummende nonsens mellom diverse programledere, om deres personlige matpreferanser og (eventuelle) påkledning, så kverner sirkuset videre og videre, supplert med musikalske innslag av ymse slag. Før det blir et ørlite innsmett med et par verdensbegivenheter - sånn i forbifarten.»

P1, før i tida ein kanal med eit variert og til tider opplysande programtilbod, har vorte ein søppelplass for uvesentleg skvalder og tanketom musikk. Heldigvis har vi P2 - som i alle fall inntil vidare er låtfri sone og ein kanal med tillit til at lyttarane greier å høyre på resonnement som varer i meir enn tre minutt.