Påfyll av lokalkunnskap i triveleg lag

05.08.2022

I kjølvatnet av bøkene om Kvenndalen og Søyådalen vart det arrangert fleire kulturvandringar i regi av Stangvik Historielag.

Her tek vi eit tilbakeblikk på tre av dei. I 2011 var ei gruppe med på vandring i Kvenndalen. Året etter gjekk turen til Kvennbøtæla. I 2015 samla den første kulturvandringa til setrene i Søyådalen mange interesserte.

Som bilda viser, var alle turane velsigna med fint ver og mykje folk. Det vart gode dagar med triveleg sosialt samvær og påfyll av lokalkunnskap.

Galleriet under inneheld eit utval bilde frå dei tre vandringane. Du forstørrer bilda ved å klikke på dei.