No går det på stumpane laus

31.05.2021

Norge har klart seg godt gjennom pandemien. Ei viktig årsak er at vi nordmenn har greidd å stå saman i kampen mot viruset.

Men no går det på stumpane laus. I det som forhåpentleg er siste fase av koronapandemien, i alle fall her til lands, har vi fått eit mykje tøffare offentleg ordskifte. Landsdelar går til angrep på kvarandre, politikarane brukar eit heilt anna språk enn i fjor på denne tida og ein del medier gjer kva dei kan for at ein kvar liten gnist skal utvikle seg til eit brennheitt bål. 

Pandemien har vorte som ei lupe, som tek både smått og stort ut av alle proporsjonar. Grunnen er nok at vi er frustrerte, og saknar den normale kvardagen. Det vil likevel vere synd om det nasjonale samhaldet som har prega koronatida skulle ryke, no som vi faktisk kan skimte målstreken i denne maratonen.

I ein kronikk på Nordnorsk debatt skreiv tidlegare fotballtrenar Per Mathias Høgmo nyleg dette: «Når «rating», «klikk» og «likes» er blitt vår nye harde valuta, mister vi ikke bare anstendighet i debatten og formidlingen, men vi mister også evnen til å oppfatte nyansene og interessen for å skape kompromisser, fordi oppmerksomheten hele tiden dras mot ytterlighetene.»

Kronikken handla ikkje om koronaen. Men desse orda kan også brukast i pandemisamanheng. Nyansane er borte. Politikarane har tatt på boksehanskane, for no skal det kårast vinnarar og taparar. Tabloidane luktar blod.

Erna Solberg og hennar regjering er slitne - og kanskje til og med mette av dagar. Den øvste politiske leiinga i landet sit likevel med hovudansvaret for å redde anstendigheita gjennom resten av pandemien. No er det viktig med tverrpolitisk dialog og løysingar som samlar brei oppslutning. Så må mediene og alle vi andre hjelpe til så godt vi kan.